OBS! Denne artikkelen stod første gang på trykk 15. mai 1997

«Dei beste funna blir i dag gjort i magasina,» blir det ofte sagt for spøk mellom arkeologar. lnnimellom viser det seg også å stemme. Det gjeld også om museumsmagasinet er øydelagt, slik som det vart ved brannen i Erkebispegarden i 1983. Gjennom eit dykk i arkivet kan det likevel vere mogeleg å gjere svært interessante funn, nar vi ser på dei med friske auge. Men dei forsvunne gjenstandane, som kunne stadfesta teorien, kan vi berre særge over. Lærdomen er likevel klar: God dokumentasjon og brannsikre magasin.

 

Olav si grav og Kristkyrkja

I soga om Olav den heilage fortel Snorre at liket vart redda av to bønder frå Stiklestad, Torgils Håmulson og sonen Grim, og frakta i Iøynd til Nidaros. Då ingen av kongen sine vener i byen torde ta hand om liket, «tok Torgils og dei andre og førte liket opp etter åa og grov det ned i ein sandmel som er der, og jamna etter seg så ingen kunne sjå at dei nyleg hadde grave der». Her låg liket gravlagt i eitt år. Då vart kista gravd opp, frakta ned til byen og gravlagt ved Klemenskyrkja, men snart etter var kista komen nesten opp av jorda av seg sjølv, og vart deretter sett over høgaltaret i kyrkja.

Grunnplan av Nidarosdomen med Lektoriet, eller Kvinnenes Minnekapell, i nordre tverrskip avmerke. Under golvet her fann Bergstrøm det skålforma spennet i 1885.
Grunnplan av Nidarosdomen med Lektoriet, eller Kvinnenes Minnekapell, i nordre tverrskip avmerke. Under golvet her fann Bergstrøm det skålforma spennet i 1885.

Snorre fortel at på staden der kongen hadde vore gravlagt det første året vart det seinare bygd eit lite trekapell, og mellom 1070-90 bygde Olav Kyrre den første Kristkyrkja av stein her. Det noverande høgaltaret i Nidarosdomen står rett over staden der kongen skal ha blitt gravlagt. Gjennom Snorre si framstilling får vi eit inntrykk av at kongsliket vart gravlagt på ein aude stad langt frå folk. Domkyrkja ligg då også enno i dag utanfor det eigentlege bysentret i Trondheim, og i mellomalderen var det opne marker og åkrar mellom byen og Domkyrkja.

Men var dette området så aude og forlatt som Snorre gir oss inntrykk av? Då han besøkte Trondheim omkring 1230, var det eit yrande liv i området. Domkyrkja var under byggjing, med halvferdige murar, stillas og ei mengd arbeidarar i full verksemd. Erkebispegarden stod med nyreiste steinbygningar og mange trebygningar, bustad for heile erkebiskopen sitt husald og gjester.

Domkyrkja ligg på det høgaste punktet på Nidarneshalvøya og er godt synleg frå alle stader i dalen langs Nidelva. Dersom Torgils og Grim skulle ha gravd ned Olav i løynd, er det kanskje ikkje beste plassen å velge, sjølv om dette skal ha skjedd midt på natta. Snorre fortel at kista vart nedgraven i ein sandmel, og det passar dårleg med området rundt domkyrkja, der bakken består av leire. Vi tenkjer uvilkårleg heller på ein stad nede ved elva, på ein av sandbankane Nidelva har bygd opp i svingen rundt Nidarneshalvøya. Dette var ingen god stad å byggje ei domkyrkje, og vi kan derfor forstå at Olav Kyrre heller valde det høgaste punktet på toppen av halvøya til Kristkyrkja, slik at ho stod tørt og fritt med utsyn til alle sider.

Eldre busetnad på Nidarneset?

Nidarneshalvøya har gitt grunnlag for fast busetnad før Olav Tryggvason kom hit i 997. Truleg var det ein gard på halvøya i vikingtida, men vi veit ikkje kvar tunet låg. Det er slett ikkje usannsynleg at det låg på den søndre og høgaste delen av halvøya. Det er gjort tilfeldige funn som kan tyde på aktivitet mellom anna på Kalvskinnet, der det er funne eit sverd - ein scramasax - frå merovingertida (700-talet).

Ved den ulukkelege brannen i Erkebispegarden i 1983 gjekk store mengder gjenstandar tapt. Noko av det minst påakta var nokre skap med gjenstandar funne ved gravingar under og omkring Nidarosdomen i 1880-90-åra.

Det skålforma, ovale spennet funne undet golvet i Lektoriet. Dette er underdelen av spennet. Berre den dekorerte borden langs kanten var synleg av denne delen. Dei to bakbeina til det stiliserte dyret som er framstilt på spennet går heilt ut til kanten av spennet. Teikning av W. Bergstrøm
Det skålforma, ovale spennet funne undet golvet i Lektoriet. Dette er underdelen av spennet. Berre den dekorerte borden langs kanten var synleg av denne delen. Dei to bakbeina til det stiliserte dyret som er framstilt på spennet går heilt ut til kanten av spennet. Teikning av W. Bergstrøm.

Byggmeister Bergstrøm

Samlinga av desse funna skal vi takke Wilhelm Bergstrøm for. Han var byggmeister ved restaureringa frå 1876 til 1904, og var svært historisk og arkeologisk interessert. Dagbøkene hans er ei utømande kjelde til domkyrkja si historie, særleg alle dei små observasjonane som ingen andre i samtida tok notis av. Bergstrøm var også ein flink teiknar, og har etterlate seg hundrevis av teikningar og skisser som er av stor verdi. Dei fleste av gjenstandane eksisterer det heldigvis teikningar av, slik at vi har ein viss kunnskap om kva som gjekk tapt i 1983, utan at det gjer tapet lettare å bere. Bergstrøm samla likt og ulikt som vart funne under gravearbeida; gamle lyklar, jernstenger og tøyrestar, men innimellom Iøyner det seg spennande ting. Nokre av dei mest verdfulle gjenstandane, som til dømes tinga frå erkebispegravene i koret, var heldigvis overlevert til Vitenskapsmuseet og unngjekk dermed katastrofen.

Bakgrunnen til dei store gravearbeida i domkyrkja i 1880-90-åra var at alle grunnmurane måtte styrkast for å hindre setningar og oppsprekkingar. I tillegg vart heile grunnen under kyrkja gravd ut for anlegget av kjellaren. Rett under det gamle golvet låg hundrevis av graver frå 1600-1700-talet, dei fleste i store familiegraver, og nokre få bevarte mellomaldergraver lengst aust i koret. Alle dei etter-reformatoriske kistene vart flytta ut på kyrkjegarden. Ein av dei få stadane i kyrkja som ikkje var brukt til gravstader var det vesle kapellet som i dag heiter «Kvinnenes minnekapell» og ligg i Nordre Tverrskip, rett innanfor inngangen frå nord. I eldre tid vart det kalla «Lektoriet» fordi Katedralskulen heldt til her ein periode. Opphavleg var det kanskje ikkje eit kapell i det heile tatt, men den første kapittelsalen ved domkyrkja. Domkapitlet, som bestod av prestane ved domkyrkja, vart organisert omlag på same tid som rommet stod ferdig omkring år 1160. På grunn av den verdslege bruken vart dette rommet ikkje brukt til gravstad, og var så godt som den einaste plassen inne i kyrkja med urørte kulturlag, inntil grunnmurane skulle styrkast også her.

Gravinga i Lektoriet i 1885

Den 3. september 1885 var gravearbeida nådd også hit, og i dagboka si for denne dagen noterer Bergstrøm: «I Lektoriet indvendig er der i august foretaget en foreløbig oppudsning. Gulvet blev opbrudt og der gjordes med det samme en lille Undersøgelse ved Grundmurerne indvendig. 4 Skisser har arkitekt Solberg taget af disse Mure. Ved denne Unersøgelse fandtes følgende gjendstande i jorden:

En del Glas i fra Vinduerne samt Jernsprosser til samme og en del sammensmeltet Blÿ. En bronce fibula, Brudstyker af bronce sansynlig til en hængelampe, et bronce hængsel, en stor glat rund, noget fladtrÿkt glasperle, En del forrustne Spiger af forskjællige Tidsalder, Nogle …..døm, en tyk Jernring, tre Brudstykker af Dørhængsler og en Stabel og et Laas. To smaa Spydblade og en halv Kanonkugle. Et stykke guldlignende Metal noget af et Jerngreb og to stykker af glaserede Gulvflise et lille Dørhengsel og Dørskilt samt flere Brudstykker af noget lignende, forresten tre velhugne Klæberstensstykker. Alt dette lagt i en Kasse og mærket: 109

Dette er alt vi høyrer om gravinga i Lektoriet. Men kanskje vart det funne fleire gjenstandar seinare. Lista hans viser tydeleg ei blanding av gjenstandar frå ulike tidsperioder.

For ein arkeolog er likevel ordet «fibula», som sagmugg for ein sirkushest. Brukte Bergstrøm ordet i same tyding som arkeologane på hans tid? Kan det la seg gjere å finne meir ut om denne fibulaen? Sjølve gjenstanden er etter alt å døme gått tapt i 1983, men ved ein gjennomgang av Bergstrøm sine skissebøker dukkar det opp svært interessante ting.

 

Funna og kva dei betyr for tolkninga av staden sin historie

Fibulaen er lett nok å identifisere, det finst heile tre teikningar av henne i ulike skissebøker. Gjenstanden sa kanskje ikkje Bergstrøm så mykje, men for eit moderne arkeologauge er dette heilt klart underskåla av eit skålforma ovalt spenne frå vikingtid. På meir forståeleg norsk: Dette er ein del av eit bronsespenne som ei kvinne i vikingtida bar på kvar side av brystet for å halde kjortelen oppe. Restane av dekoren viser at spennet var dekorert i den såkalla borrestilen, og dermed framstilt på 900-talet. Slike spenner er vanlege i kvinnegraver, men kan ei vikingkvinne vere gravlagt under Nidarosdomen? Er det i så fall fleire restar av denne grava i funnet? Ser vi på dei andre gjenstandane som er funne saman med spennet, kan nokre av dei utifrå den korte skildringa stamme frå vikingtida.

To pilespissar og ei saks funne under golvet i koret. Den største pilespissen er 13,2 cm lanf og den minste 9,6 cm lang. Saksa er 14,5 cm lang. Teikning av W. Bergstrøm.
To pilespissar og ei saks funne under golvet i koret. Den største pilespissen er 13,2 cm lanf og den minste 9,6 cm lang. Saksa er 14,5 cm lang. Teikning av W. Bergstrøm.

«Brudstykker af Bronce, sansynlig til en Hængelampe», kan vere restar av eit hengekar av den typen som mellom anna er funne på Skei ved Steinkjer, men også eit røykelseskar frå mellomalderen. «Et Bronce Hengsel» kan vere eit gjenbrukt bok- eller skrinhengsel frå Irland gjenbrukt som spenne eller hengesmykke her i landet - også dette har vi døme på frå Trøndelag. «En stor glat rund, noget fladtÿkt Glasperle» kan vere ei perle til å ha rundt halsen, men også ein av «glattesteinane» av glas som også er kjent frå kvinnegraver i vikingtid. Alle disse gjenstandane er altså tenklege som funn i ei vikingtids kvinnegrav, sjølv om vi berre kjenner spennet godt nok til å kunne bestemme og datere det til vikingtida.

 

Romartidsgraver?

Lenger nede på lista står «to små Spydblade og en halv Kanonkugle». Kanonkuler inne i domkyrkja er noko uventa, men kanskje er det ein halvkuleforma skjoldbule av jern som Bergstrøm har tolka på denne måten? Saman med «noget af et Jerngreb», som godt kunne vere eit skjoldhandtak, er dette i så fall eit komplett våpensett frå romartid (0-400 e Kr). Men to graver med ein tidsavstand på 600-700 år tett inntil kvarandre? I så fall må det ha eksistert eit heilt gravfelt med mange graver akkurat der Nidarosdomen står i dag. Kan det finnast meir belegg for ein slik hypotese?

Vevsverd av jern frå romertid, funnet i eller ved Nidarosdomen, men uten nøyare funnopplysningar. Det er omsmidd av ei sverdklinge. Lengda er 26,5 cm. Teikning av W. Bergstrøm
Vevsverd av jern frå romertid, funnet i eller ved Nidarosdomen, men uten nøyare funnopplysningar. Det er omsmidd av ei sverdklinge. Lengda er 26,5 cm. Teikning av W. Bergstrøm

Dersom vi går gjennom Bergstrøm sine nøyaktige teikningar av «forskjellige ved Gravning etc. fundne Gjenstande», kan vi plukke ut fleire gjenstandar som kan stamme frå førhistorisk tid. Dessverre er teikningane sjeldan målsette og stadfesta, slik at vi ikkje veit nøyaktig kvar dei er funne. Ein sverdforma gjenstand av jern som Bergstrøm har teikna, er heilt identisk med bevarte vevsverd frå romartid, funne i kvinnegraver. Det ser ut til å vere ei sverdklinge som seinare er omsmidd til vevsverd. Gjenstanden vart funnen 7. august 1882 ved graving langs Vestfronten for å undersøke fundamenta der. I dagboka skriv Bergstrøm at «det er en slags kniv med ansats til Skaft i begge Ender. For mig syntes det som det oprindeligt har været et Sverd og senere omgjord til dette Redskab. Det har No.93».

Dei to pilespissane var funne ved gravinga for hol til stillasstolpar inne i koret i samband med at dei seinare murane skulle rivast. 19. juni 1878 fører han dei inn i dagboka som «To Pilespidse af Jern, den ene noget større end den andre, samt Odden af en Pilespids af Flint» Seinare skriv han i margen: «Antiquar Rygh tog Flintespidsenn. Pilespissane kan vere frå både vikingtid og tidleg mellomalder. Resten av dei teikna gjenstandane, for det meste lyklar og verktøy, stammar frå mellomalder eller nyare tid og er mista eller berre kassert som skrap. Ei lita saks har tidlaus form og kan vere frå både vikingtid og mellomalder.

 

Kvar er i så fall resten av gravfeltet blitt av?

Frå mellomalderen og fram til vår tid er fleire titusen menneske gravlagde omkring Nidaros domkyrkje. Spor etter førhistoriske graver er det derfor lite von om å finne på kyrjegarden. Grunnmursarbeida for murane i domkyrkja har dessutan øydelagt ein god del av området. Men kva med inne i kyrkja? Ved gravearbeida for den nye kjellaren i 1880-åra vart heile grunnen under kyrkja gjennomgravd. Det vart avdekt hundrevis av graver, nesten alle frå 16-1700-talet, då rikfolk kunne kjøpe seg gravplass inne i kyrkjene. I koret og tverrskipet var det stuvande fullt av gravkrypter og kister. Berre lengst i aust i koret hadde nokre mellomalderske erkebispegraver overlevd, og disse eksisterer enno under golvet. Men også desse gravene låg tett, og det var ingen urørte jordflekker innimellom. Berre ein stad i heile kyrkja var det ikkje fylt opp med graver under golvet i Lektoriet.

Konklusjonar av funnet

Oppdaginga av det ovale skålforma spennet har ført fram til ein hypotese om at det kan ha eksistert ein gravplass frå jernalderen i området der Nidarosdomen ligg i dag. Tanken kan ikkje utan vidare avvisast. Dei fleste historikarar reknar med at det har eksistert ein gard på Nidarneset gjennom heile jernalderen, og kanskje også ein marknadsplass eller tettstad før 997. Ein del døde må altså vere blitt gravlagde på halvøya opp gjennom hundreåra. Plasseringa på det høgste området på halvøya er naturleg for eit slikt gravfelt her i Trøndelag. Eit tidsspenn på fleire hundre år innanfor eitt og same gravfelt er heller ikkje uvanleg i Trøndelag.

Problemet oppstår i Snorre sine ord om at Torgils og Grim grov ned liket til Olav på ein sandmel, ikkje på ein heidensk gravplass som hadde vore i bruk inntil nyleg. Men her må vi stille eit spørsmålsteikn ved Snorre. Sandmelen må ligge nede ved elva, for oppe ved domkyrkja er det berre leire. Er Snorre blitt ført bak lyset ved at han har fortalt vidare ei historie som dei geistlege ved domkyrkja har presentert for han? Sandmelen nede ved elvesvingen kunne ikkje brukast som kyrkjestad, der han låg i skjul og svært utsett for flom i Nidelva. Her nede på ((Marinen,) ligg Olavskjelda, i dag lagt i rør, men like fullt eit oppkome.

Har Olav Kyrre og hans prestar med vilje vald ein ny stad då den store Kristkyrkja av stein skulle reisast omkring 1070? På denne tid var liket til Olav plassert i Mariakyrkja, som faren til Olav Kyrre, Harald Hardråde, hadde bygd i kongsgarden sin. Vi veit eigentleg ikkje kvar denne kyrkja stod, sjølv om tradisjonen plasserer henne 20-30 m nord for domkyrkja. Murrestane som vart funne her i 1880-åra kan ha tilhøyrt kva som helst slags bygning.

Den sannsynlege påvisinga av at Nidarosdomen kan vere bygd over ein førkristen gravplass opnar for nye perspektiv, særleg når det gjeld denne staden sin funksjon som religiøst sentrum langt attom det magiske året 997. Nesten alle steinkyrkjene i Trøndelag ligg på eller tett attmed førkristne gravfelt, t.d Værnes og Alstadhaug. Kultkontinuiteten, det vil seie ein stad sin betydning som religiøst sentrum trass i eit skifte av tru eller religion, er påfallande i Trøndelag. Dersom dette også er tilfelle for sjølve moderkyrkja i Nidaros bispedøme, blir mønstret enno tydelegare.