Oktogonen – det åttekanta høgkoret i Nidarosdomen – sett frå aust. Foto: Øystein Ekroll, NDR
OBS! Denne artikkelen stod første gang på trykk 15. mai 2017

Mål med meining?

Er Nidaros-oktogonen direkte inspirert av Kristi Gravkyrkje i Jerusalem? Historia om at kong Olav Haraldsson fall i slaget på Stiklestad 29. juli 1030, er godt kjend av alle. Det er også forteljinga om korleis han vart teken opp av grava og gjord til helgen 3. august 1031. Snorre fortel i Heimskringla ca. 1230 at kista eller skrinet med det mumifiserte liket hans stod over høgaltaret, og at altaret på hans tid stod på staden der Olav var gravlagd i 1030–31 – og der skal det stå den dag i dag.

Etter reformasjonen vart skrinet knust og verdiane sende til det kongelege skattkammeret i København. Liket av St. Olav vart lagt i ei anonym grav under golvet ein stad, så alt er borte. Men bygningen omkring grava og skrinet er bevart, og har ei svært interessant historie.

Grava til St. Olav vart verna om heilt frå byrjinga, ikkje minst på grunn av kjelda med lækjande vatn som sprang opp attmed grava. Ein svensk versesaga frå 1400-talet seier at det tidleg vart bygd eit lite kapell av tre over gravstaden til kongen. Eit halvt hundreår seinare bygde kong Olav Kyrre den første steinkyrkja på staden, med altaret over grava til St. Olav. Kyrkja var ferdig då Olav Kyrre døydde i 1093, og han vart gravlagd her.

Seksti år seinare vart Nidaros gjort til sete for ein eigen norsk erkebiskop, og ei storstilt utviding av Kristkyrkja tok til, med korsarmar og eit stort skip i anglo-normannisk stil. Dermed vart den gamle Kristkyrkja no den austre armen i ein stor, korsforma katedral med ei samla lengde på ca. 82 meter. Men koret i den gamle Kristkyrkja, der helgenskrinet stod, vart altfor trongt for dei mange pilegrimane som no kom til byen og skulle ha plass der.

Samtidig auka også talet på prestar ved domkyrkja sterkt. Avslutninga av byggjearbeidet – og bokstavleg tala krona på verket – vart ein heilt ny bygningsdel som ikkje har sin like i Norden: det åttekanta høgkoret eller oktogonen.

Ei form med meining

Kvifor vart det bygd ein åttekanta og ikkje ein rund, firkanta eller sekskanta bygning? Alle desse formene var like lette eller vanskelege å byggje som ein åttekant. Men valet av ein åttekant hadde alt omkring år 1200 ein nesten tusen år gammal tradisjon og var eit heilt bevisst val av dei geistlege ved erkesetet.

Forma skal symbolisere at St. Olav ikkje berre var ein helgenkonge, men at han også var ein martyr – at han hadde gitt livet sitt for den kristne trua og var blitt eit vitne (gresk μάρτυς). I mellomalderen vart Olav alltid kalla rex et martiris – konge og martyr. Ein raud tråd i olavskulten, både i legender, mirakel, liturgi og kunst, er at Olav var Kristus-lik, at livet og døden hans spegla Kristi liding og død. Dette poenget er svært viktig for å forstå utviklinga av olavsdyrkinga.

Då keisar Konstantin den store gjorde kristendommen til ein lovleg religion i år 313, tok også bygginga av gudshus eller kyrkjer til (av gresk kyriakos, ’det som høyrer Herren til’). Over gravene til ein del viktige martyrar vart det reist ei eiga grav- eller minnekyrkje – eit martyrion.

Desse kyrkjene var som regel åttekanta eller runde, for inspirasjonen var mausolea (gravbygningane) til dei romerske keisarane, som også hadde denne forma. Eit godt bevart døme er mausoleet til keisar Diokletian i Split i Kroatia. Han døydde i år 312 og er mest kjend for at han forfølgde dei kristne. Paradoksalt nok vart mausoleet hans seinare gjort om til ei kristen kyrkje og er enno i dag domkyrkje i Split.

Mausoleet til keisar Diokletian i Split i Kroatia, bygd ca. år 300, i dag katedralen i Split. Gravering frå 1800-talet.
Mausoleet til keisar Diokletian i Split i Kroatia, bygd ca. år 300, i dag katedralen i Split. Gravering frå 1800-talet.

Etterfølgjaren Konstantin bygde derimot ei rekkje store kyrkjer for dei kristne. Den mest kjende vart bygd over Kristi gravkammer, som Helena, mor til Konstantin, klarte å finne djupt under fyllmassar som hadde hamna oppå. I ei grotte ved sidan av fann Helena også korset som Jesus var korsfesta på. Konstantin bygde eit stort kompleks av bygningar på staden, som omfatta både Golgata og Kristi grav.

Grava var opphavleg eit lite kammer hogd ut i det faste berget, men Konstantin lét heile berget hogge bort, slik at berre ein klump fast fjell med gravkammeret stod att på ei flate. Med dette som midtpunkt bygde han ein gigantisk rotunde med ei indre søylerekkje som bar eit høgt tak, kanskje med ein kuppel.

Bergklumpen med Jesu gravkammer vart kledd i marmor og hadde etter alt å døme form som ein åttekanta, liten bygning med kjegleforma tak inne i den veldige rotunden. Seinare brannar og ombyggingar har endra grava mykje, men kjernen stammar enno frå 300-talet.

Kristi gravkyrkje i Jerusalem, rekonstruksjon av rotunden til keisar Konstantin (Anastasis) med den (truleg) åttekanta gravbygningen (Edicula) i midten. Etter Cordo 1981, Plate 3.
Kristi gravkyrkje i Jerusalem, rekonstruksjon av rotunden til keisar Konstantin (Anastasis) med den (truleg) åttekanta gravbygningen (Edicula) i midten. Etter Cordo 1981, Plate 3.

Frå tida til Konstantin er det også bevart fleire åttekanta dåpsbygningar eller baptisteri. Dette kan verke merkeleg, men i den kristne dåpen døyr det gamle mennesket og blir født på ny i Kristus. Gravsymbolikken er derfor heilt logisk i kristen teologi. Talet åtte har også ei rolle i kristen symbolikk – til dømes var det åtte menneske som overlevde syndfloda, og Jesus stod opp av grava åtte dagar etter inntoget i Jerusalem. Ein oktogon kan dermed symbolisere atterføding og evig liv.

Gjennom det første korstoget erobra dei vesteuropeiske korsfararane Jerusalem i 1099 og heldt byen til 1187. Både pilegrimar og fleire korsfararar strøymde til, og mange frå Vesten kom i direkte kontakt med dei mest heilage kristne stadene. Det norske korstoget leia av kong Sigurd Jorsalfar i åra 1108–11 er godt kjent, og det same er krigstoget til Erling Skakke i 1153–55. Men i tillegg var det utan tvil mange andre som vi ikkje kjenner til i dag, både grupper og enkeltpersonar.

I løpet av nokre tiår vart det samla mykje førstehandskunnskap her i landet om Jerusalem og tilhøva der. Korsfararane tok fatt på ei stor restaurering av Gravkyrkja. Dette arbeidet vart avslutta i 1149, og det ferdige resultatet vart eit heilt spesielt byggverk som står nesten uendra i dag. Rotunden fekk no eit høgt, kjegleforma tak.

Rotunden i Jerusalem etter ombygginga midt på 1100-talet, med omgang, galleri og det kjegleforma taket. Etter Krüger 2000.
Rotunden i Jerusalem etter ombygginga midt på 1100-talet, med omgang, galleri og det kjegleforma taket. Etter Krüger 2000.

I løpet av 1100-talet vart det bygd ei lang rekkje kyrkjer med sentralplan rundt om i Europa. Nokre er runde, andre åttekanta eller med andre former. Nokre er også vigde til Kristi grav (Santo Sepulchro / Holy Sepulcher) og viser heilt tydeleg kva som var inspirasjonen.

I Norden er det ei heil gruppe med rundkyrkjer, og særleg er rundkyrkjene på Bornholm godt kjende. Dei fleste har eit heva midtrom med ein omgang rundt og er svært særmerkte med dei spisse, kjegleforma taka over midtrommet. Men den største av alle rundkyrkjene i Norden vart bygd i Tønsberg og vigsla til St. Olav, og ruinen ligg enno bevart midt i byen.

Det er også eit direkte band mellom St. Olav og Det heilage landet. Det eldste kjende bildet av Olav vart måla på ei søyle i Fødselskyrkja i Betlehem omkring 1150–60. Ved føtene hans kneler ei kvinne som truleg har betalt for kunstverket. Kanskje var det Kristin, dotter til Sigurd Jorsalfar og gift med Erling Skakke? Ingen kjelder fortel at ho var med ektemannen på korstoget, men det er slett ikkje utenkjeleg.

Eit anna samband finn vi i eit kapell i tverrskipet i Nidarosdomen. Det er vigsla til både St. Olav og St. Stefan protomartyrus. Liksom Stefan var den første kristne martyren og vart steina i Jerusalem i år 36, var Olav den første norske martyren tusen år seinare. Olav vart translatert, altså teken opp av grava og utropt til helgen. Dette skjedde 3. august, som er festdagen for oppdaginga av relikviane etter Stefan. Sambandet mellom dei to martyrane vart dermed klart og tydeleg.

Eit anna band, som ikkje tidlegare er lagt vekt på, er rolla til augustinarane. Denne klosterordenen spreidde seg sterkt i Europa på 1100-talet. Fem augustinarkloster og to kloster av sidegreina premonstratensarane vart grunnlagde her i landet. I Nidaros grunnla erkebiskop Eystein, som sjølv var augustinar, ca. 1160–70 Helgeseter kloster – det heilage setet. I dag er namnet forvanska til «Elgeseter».

Interessant nok var det på 1100-talet knytt augustinarkloster til alle dei viktigaste pilegrimsmåla i Det heilage landet, mellom dei Gravkyrkja, Fødselskyrkja i Betlehem og Himmelfartskyrkja på Oljeberget.

«Navet» i dette nettverket var St. Victor-klosteret i Paris, der både Eystein og dei to næraste etterfølgjarane hans var utdanna. Klosteret var eit viktig lærdomssete, og særleg var tenkinga om Jerusalem-symbolikken høgt utvikla der. Impulsar frå Norden og Jerusalem møttest i St. Victor, og det er truleg at ein del augustinarar flytta over lange avstandar. Med så mange ordenskloster i Palestina måtte det vere ein viss turnus og påfyll av nye medlemmer frå Europa. Det var lite lokal rekruttering, for dei fleste kristne i og omkring Jerusalem høyrde til lokale, ortodokse kyrkjer.

Oktogonen og Gravkyrkja

Har oktogonen i Nidaros eit direkte samband med Gravkyrkja i Jerusalem? Samanliknar vi grunnplanen, ser vi at den første er åttekanta og den andre sirkelforma. Men i mellomalderen skilde ein ikkje mellom slike former: alle sentralbygningar, åttekanta eller runde, vart kalla rotunda på latin.

Det er andre like trekk: Begge har eit midtrom, der Kristi grav og grava til Olav låg. Midtrommet er omgitt av ei søylerad, og mellom denne og ytterveggen er ein gang eller eit ambulatorium, der pilegrimar kunne gå utan å forstyrre liturgien i midtrommet. Begge har også tre små utstikkande kapell, halvrunde i Jerusalem og firkanta i Nidaros.

Samanstilling av grunnplanane for Gravkyrkja (raudt) og oktogonen (svart). Grafikk: Samuel Feragen
Samanstilling av grunnplanane for Gravkyrkja (raudt) og oktogonen (svart). Grafikk: Samuel Feragen

Dersom vi ser på snitt gjennom begge kyrkjene, blir parallellane fleire. Begge har eit høgt midtrom med kjegleforma tak og eit galleri over omgangen. Men det verkeleg interessante kjem fram når vi legg grunnplanane i same målestokk over kvarandre!

Den utvendige diameteren på sjølve oktogonen, målt på bakkeplan, er nøyaktig den same som den indre diameteren på søylerekkja omkring Kristi grav. Den utvendige diameteren på kapellhjørna, også målt på bakkeplan, er den same som den ytre diameteren på denne søylerekkja. Denne ytre diameteren er på 80 romerske fot á 29,5 cm, og den indre diameteren er 70 romerske fot. Ved utstikkinga av grunnplanen for oktogonen var det på bakkenivået at det første målet måtte merkjast av, og det er derfor sjølvsagt at det er her vi skal leite etter parallellar.

Men ikkje mindre interessant er det at plasseringa av Kristi grav fell saman med gravstaden til Olav under høgaltaret (og med Olavsskrinet som stod over altaret). Ingen av dei ligg midt i sentrum av bygningen, som ein kanskje skulle vente, men litt utanfor.

Midtpunktet i Jerusalem er eit lite altar utanfor inngangen til grava – Engelaltaret – der engelen skal ha vist seg for kvinnene som kom for å besøke grava. I Nidaros var det presten som stod framfor altaret, som utgjorde midtpunktet i oktogonen. Samanfallet mellom dei to gravene er eit sterkt vitnemål om korleis ein her i Nidaros prøvde å gjere Olav så Kristus-lik som mogleg.

Kopi eller original?

Er oktogonen ein bevisst kopi av Gravkyrkja? Då må vi først avklare kva definisjonen på ein kopi var og er. I vår tid er ein kopi noko som er så likt originalen at vi knapt kan sjå skilnaden, om i det heile. Men i mellomalderen var definisjonen ein heilt annan.

Richard Krautheimer undersøkte dette i ein kjend artikkel frå 1942, og han brukte mellom anna etterlikningar av Kristi gravkyrkje som døme. Han fann ei stor gruppe kyrkjer som i samtida vart omtalte som kopiar av denne kyrkja, men som for eit moderne menneske ikkje likna i det heile. Men forklaringa var at desse «kopiane» hadde eitt eller fleire like trekk med Gravkyrkja. Det kunne vere eit lengdemål, ei spesiell form eller eit likt ornament. Det var nok til at samtida rekna det som ein kopi. I tillegg til den ytre forma ser vi at vi finn att to viktige mål frå Gravkyrkja i oktogonen. Og kvifor nettopp desse to måla?

Svaret er ganske enkelt: Det var omtrent dei einaste måla det gjekk an å ta i Jerusalem på 1100-talet. Ved ombygginga av Gravkyrkja vart omgangen delt opp i mange rom, slik at midtrommet omkring grava var det einaste opne rommet. Tverrmålet på dette kunne skrittast opp, målast med ein målestav eller kanskje med eit reip eller ei tynn lekkje. Eller var desse to måla godt kjende mellom dei lærde augustinarane?

Det er også logisk at det var på golvnivået ein kunne ta måla. Det var ingen måtar å måle høgda av rommet eller den utvendige breidda på. Gravkyrkja låg på 1100-talet – og ligg enno – midt inne i ein labyrint av bygningar, og berre det indre kan målast. Korleis vart ein bygning målt opp i mellomalderen?

Svaret er at det vart brukt nettopp skrittmåling, målestav og tau/snor. I ein fransk roman som vart omsett til norsk på 1200-talet, Flores og Blankiflor, klarer Flores å kome heilt inntil tårnet der Blankiflor sit fanga, ved å innbille vaktmannen at han er byggmeister og skal skritte opp lengda og breidda på tårnet for å kunne byggje eit liknande tårn.

Oppmåling av det himmelske Jerusalem. Kalkmaleri frå 1100-talet i Schwarzrheindorf i Tyskland. Foto: Nemoleon/Flickr
Oppmåling av det himmelske Jerusalem. Kalkmaleri frå 1100-talet i Schwarzrheindorf i Tyskland. Foto: Nemoleon/Flickr

Eit kjent veggmåleri i Schwarzrheindorf i Tyskland viser profeten Esekiel sitt syn av det himmelske Jerusalem (Esek 40,3–5), der ein mann måler opp byen med eit linreip og ei målestong på seks alen. Nettopp dei visjonane Esekiel hadde om Jerusalem vart flittig studerte i St. Victor-klosteret på 1100-talet. I Johannes’ openberring (11,1) får Johannes «ei målestong som likna ein stav, og det vart sagt til [han]: ’Reis deg og mål Guds tempel og altaret […]’». Teknikken var ikkje meir utvikla på 1100-talet enn i bibelsk tid.

Andre kyrkjer med same mål?

Men var bruken av måla frå Jerusalem berre avgrensa til oktogonen i Nidaros, som var det største prestisjebygget i samtida her i landet? Eller kan vi finne bruk av desse måla også andre stader? Vi kjenner berre éi kyrkje til her i landet med sentralgrunnplan, St. Olavs-kyrkja i Tønsberg, som vart reist i andre halvdel av 1100-talet. Dateringa og tilknytinga til St. Olav gjer ei samanlikning ekstra interessant. Til kyrkja var det knytt eit kloster av premonstratensarkannikar, ei grein av augustinarordenen. Dei og kyrkja er omtalte i 1192, då ei gruppe danske korsfararar besøkte byen.

Samanstilling av grunnplanane for oktogonen i Nidaros (svart) og Olavskyrkja i Tønsberg (raudt). Grafikk: Samuel Feragen
Samanstilling av grunnplanane for oktogonen i Nidaros (svart) og Olavskyrkja i Tønsberg (raudt). Grafikk: Samuel Feragen

Samanstilling av grunnplanane for oktogonen i Nidaros og Temple Church i London. Grafikk: Samuel Feragen
Samanstilling av grunnplanane for oktogonen i Nidaros og Temple Church i London. Grafikk: Samuel Feragen

Ved å interpolere grunnplanane ser vi at den største ytre diameteren på oktogonen, målt ved hjørna på kapella, og den ytre diameteren på St. Olavskyrkja i Tønsberg er akkurat like store. Hjørna på omgangsveggen passar heilt med dei innvendige pilastrane for kvelva over omgangen i Olavskyrkja. Denne kyrkja er truleg litt eldre enn oktogonen, men sambandet med St. Olav er svært interessant. Ingen veit i dag kven som bygde Olavskyrkja, som då låg utanfor den vesle byen, eller kva som var bakgrunnen for bygginga av denne store kyrkja. Erling Skakke er lansert som byggherre – men på svakt grunnlag. Kyrkja var gravstad for fleire kongelege, og dette viser at ho hadde høg status. Slik kyrkja er rekonstruert, hadde ho eit høgt kjegleforma tak som liknar sterkt på både Gravkyrkja og oktogonen.

Forsvaret av Jerusalem låg delvis i hendene på tempelherrane, ein munkeriddarorden som vart stifta for å forsvare pilegrimane. Dei heldt til på Tempelhøgda i Jerusalem, som gav dei namnet. Tempelherrane fekk raskt stor makt og grunnla ordenshus med kyrkjer i mange land i Vest-Europa. I London reiste dei Temple Church, der det runde skipet enno står. Kyrkja vart vigsla i 1185 eller kanskje alt i 1163. Den ytre diameteren på skipet til Temple Church er nesten heilt samanfallande med omgangsveggen i oktogonen, og det same er den indre søylerekkja. Denne kyrkja hadde også eit høgt, kjegleforma tak.

Det indre av skipet i Temple Church i London. Foto: Øystein Ekroll, NDR
Det indre av skipet i Temple Church i London. Foto: Øystein Ekroll, NDR

Avslutning

Samanlikningar med andre kyrkjer frå 1100-talet med sentralgrunnplan viser at kunnskapen om viktige mål frå Jerusalem var kjend også andre stader og hos andre sosiale grupper. Den store forskjellen er likevel at det berre er oktogonen og Gravkyrkja som har ei grav i midten og var pilegrimsmål. Dei andre kyrkjene hadde like former, men der er rotunden eller åttekanten berre ein samlingsstad for dei truande, utan ein spesiell liturgisk funksjon.

Oktogonen er dermed det mest særmerkte dømet på korleis ein kulturimpuls vart direkte overført frå Jerusalem til Nord-Europa. Oktogonen er det arkitektoniske motstykket til framhevinga av Olav som Kristus-lik, slik vi ser det i kunst, musikk og liturgi.

Takk til Eirik Steenhoff for opplysingar om St. Stefan.